top of page
Plakatfoto, Magnus Skrede.jpg

LINJE 5

PRODUSERT I SAMARBEID med det norske teatret

Som ein nervetråd slynger ho seg gjennom hovudstaden frå vest til aust.

Linje 5 er ei av linjene på T-banekartet i Oslo, ei hovudåre på skjener.

Den lengste banen i aust, den som først forlet felleslinjene på veg ut av sentrum og som fraktar flest folk i løpet av ein dag. I Don Martin sin låt Hvis linje 5 kunne snakkesamanliknar han banen med ei livslinje og syng om alle dei som er «på vei i samme fart til bryllup og begravelse».

Alle tek banen

På denne banen stig mengda av ein norsk småby inn og ut kvar einaste dag. No vil Linje 5 ta bladet frå munnen og fortelje om byen vår og menneska i han. Saman med forfattaren av Tante Ulrikkes vei, Zeshan Shakar, skriv Don Martin forteljinga om dei ulike individa som pressar seg inn på den same strekninga. Alt frå forfattarar til fyllikar, marka-entusiastar og bankranarar side om side, tett i tett. Framsyninga vil løfte fram det fellesskapet og den tilhøyrsla som pregar den delen av Oslo og dei som bur på linja frå sentrum og autstover. 

Kvardagsbilde

Don Martin som gjorde braksuksess med framsyninga Blokk til blokk, er igjen tilbake på scenen ved Det Norske Teatret. Saman med andre aktørar skal han attskape ei kjent og kvardagsleg handling i scenerommet. Ramma er ei t-banevogn, og publikum får bli med på ei reise gjennom den norske verkelegheita.

Produsert av Det Norske Teatret i samarbeid med SPKRBOX. SPKRBOX er støtta av Fritt ord og Fond for utøvende kunstnere.

Kunstnarleg lag

Regissørar: Cici Henriksen og Hedda Sandvig

Koreograf: Belinda Braza

Scenograf og kostymedesignar: Even Børsum

Lysdesignar: Øyvind Wangensteen

Lyddesignar: Anders Siegrist Oliver

Tekstbidrag: Jenny Mueni Ndunda

Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

Skodespelarar

Don Martin

Jenny Mueni Ndunda

Evelyn Rasmussen Osazuwa

Judy Nyambura Karanja

Marianne Krogh

Unn Vibeke Hol

Per Schaaning

Hans Rønningen

Manish Sharma

Gaute Adela Aastorp Cudjoe

Sarah Francesca Brænne

Amell Basic

Medverkande

Inspisient: Alva Odden Langedok

Prosjektleiar: Tine Marie Lund

Sceneansvarleg: Inger Johanne Byhring

Kostymekoordinator: Torhild Jensen

Lysteknikar: Eirik Lie Hegre

Lydteknikar: Audun Borrmann

Med musikk av: Tommy Tee, Frigstep, Fredfades og Don Martin

Takk til: Stovner Bokseklubb

bottom of page